God påskeferie!

I veka før påske var det mykje som fann stad på Hamre Grendaskule.

Heile skulen hadde ei flott morgonsamling. Alle klassane på skulen hadde ulike dagar i påskeveka som dei presenterte. Dei teikna, las opp og laga presentasjon på bookcreator. Bibeltekstar, palmeblad og salmar var brukt på ein kreativ måte.


Trivselsleiarane hadde laga ein flott natursti. Etterpå var det is til alle!


5.6.7.-trinn har hatt fokus på lesing; lydbøker, høgtlesing og stillelesing. Dei siste vekene har dei lese fleire tusen sider.

5.6.7.-trinn har hatt fokus på lesing; lydbøker, høgtlesing og stillelesing. Dei siste vekene har dei lese fleire tusen sider.

Påskeharen kom og alle fekk kvar sitt påskeegg.

 

God påskeferie frå alle på Hamre Grendaskule!

Skidag for heile skulen!

Hamre Grendaskule veit at på Vestlandet må me ta skidag når det er snø. Tysdag heiv me oss rundt og og det var ein flott skidag på Rolland. Me hadde bål i bålpanne, lagde softis med hjelp av snø, fløyte og salt og drakk medbrakt kakao. Ein topp dag syns alle elevane.


Mange hadde både ski og kjelke. Dei fekk stor fart ned bakken til bålet, der alle fekk pølser medan dei varma seg.

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!