Blime 2016

Også i år blei me med i NRK si satsing Blime. Ekstra kjekt er det at gymsalen nesten er for liten.

klikk på lenka under for å kome til NRK si lenke:
master.m3u8


Om du vil, kan du klikke på denne lenka for å sjå dansen i frå i fjor:
http://www.nrk.no/video/PS*239128

 

Kva er BlimE?

Sei hei, ver ein ven!

Alle menneske treng at andre bryr seg. Når nokon seier hei til deg, eller viser at dei forstår korleis du har det, så kjenner du deg kanskje litt ekstra viktig?
Det er ei fin oppleving og ei herleg kjensle å bære med seg. Slik har andre det også. Kanskje har du ikkje den gode kjensla av å bety noko heile tida? Kanskje er du meir oppteken av kva du får til, eller korleis du ser ut? Me er heilt sikre på at dersom alle seier hei til kvarandre litt oftare, så vil me alle bli litt gladare og har det betre inni oss.

Det er mange måtar du kan vise at du bryr deg om eit anna menneske. Den enklaste måten er kanskje å sei hei. 

Sei hei til nokon du veit kven er, men som du ikkje så ofte seier hei til!
Sei hei til nokon som står ålene!
Sei hei til nokon som er yngre enn deg! Dersom du vil, kan du jo ta neste skritt også og vere ein ven. 

Du kan invitere nokon med i leiken, passe litt ekstra på nokon som ikkje har det så bra eller gje vekk eit eple om nokon svoltne. Slike ting vil gjere at andre kjenner seg viktige. Du kan gjere ein skilnad. Du kan sjå andre.

Si hei, ver ein ven. BlimE!

Helsing alle oss i NRK Super og  Hamre grendaskule