God påskeferie frå Hamre grendaskule!

I vekene før påske har me mellom anna hatt fiskeveke (sjå video under) og hatt besøk av trusopplærar i frå kyrkja. Me har hatt om dei ulike dagane i påskeveka (sjå video under), laga digitale presentasjonar i naturfag og hatt kartleggingsprøvar på ulike trinn. Siste skuledagen laga me påskepynt og fekk gå på jakt etter påskeegg. Vel møtt att tysdag 18.april. God påskeferie til alle!