Fint ver, kunst og pinse!

Nydeleg ver gjorde sitt til at me var mykje ute i Guds frie natur! 

Me hadde ei god økt med kunst. Der lærte me om fargar, struktur og komposisjon.

GOD PINSE!

De fleste veit kvifor me feirar jul og påske, men veldig mange er ikkje sikre på kvifor me feirar pinse. Pinsa har ein samanheng med påska, og pinsa er også veldig viktig.

Etter at Jesus hadde stått opp att, brukte han ein del tid på disiplane sine. Han var samen med dei i 40 dagar før han drog opp til himmelen, på den dagen me kallar Kristihimmelfartsdag.Like før Jesus døydde lova han dei at han skulle sende Den Heilage Ande som skulle rettleia dei, hjelpa dei og gje dei kraft . Jesus sa også at dette var til fordel for dem, for Den Heilage Ande kunne vere alle stader på samstundes. Pinsa er ei kristen høgtid 49 dagar etter at Jesus stod opp frå dei døde påskedagen. På denne dagen viste Den Heilage Ande seg for Apostlane i form av ildtunger frå himmelen. Ein annan måte å seie det på, er at det fell på den 50. påskedagen. Dagen er til minne om at den Heilage Ande kom til Apostlane. Dagen reknast av den protestantiske kyrkja som fødselsdagen til den kristekyrkja.