Natursti på 1. mai

Stor pågang for å melde seg på årets natursti

Til det som har blitt ein tradisjon, inviterte Hamre Helselag og Hamre Musikklag til natursti på 1. mai. Dette var og dagen for opning av den nye stien frå Kleive til Eikeland. Det var svært mange deltakarar som møtte opp i det fine vêret, for å ta del i naturstien i år. Musikarar frå Hamre Musikklag stod for underhaldninga før opninga av stien, og sanneleg dukka dei ikkje også opp og spelte midt i traseen.

Det var oppmøte på Hamre Grendaskule, og alle gjekk i samla flokk opp til Kleive, som markerte startpunktet for naturstien i år. Der heldt leiaren av helselaget, Johannes Haugland, ein kort tale for alle dei frammøtte. Han fortalde om det omfattande dugnadsarbeidet som har blitt utført i løpet av vinteren for å få i stand den nye stien, som føl den gamle vegen frå Hamre til Eikeland. 

Undervegs var det sett opp 10 postar med spørsmål i to vanskegrader, slik at både små og store hjerneceller blei sett på prøve. Oppe ved post 9, var det blitt rydda plass til et utsiktspunkt, hvor dei attpåtil hadde bygd Dragenesbenken. Her blei det for anledninga delt ut saft til alle barna som var med. Deretter bar det til post 10, som markerte slutten på naturstien.

Vel attende på Hamre Grendaskule var det sal av vafler, kaffi og saft. Det blei også delt ut gratis frukt til alle som ville ha. Til slutt var det premieutdeling til de tre laga som hadde flest riktige svar. Det var tre lag som alle fikk lik poengsum, 17 av 20 poeng, så det endte opp med trekning om hvordan fordelingen av premiene skulle bli.

Alle som ein var einig i at dette var en flott oppleving i det fantastiske vårvêret.