Ei flott 17.mai-feiring!

Svært mange tok turen til Hamre for å feira Grunnlovsdagen. Dagen starta med salutt klokka 08.00 og gudsteneste klokka 10.00. Då klokka var 11, var traktor, musikklag, flagg, fanar store og små, stilt opp og klare for barnetog. Toget gjekk i nydeleg natur med nyutsprunge bjørk og grøne bakkar. På Hamre grendaskule hadde 17.mai-komiteen gjort klart og fått sjølvaste ordføraren som talar. Pølser, lapskaus, is, kaker og brus stod på menyen. Av aktivitetar var det mellom anna hesteskokasting, luftgeværskyting, fiskedam, lykkehjul, spikarslag og 60-meter. Veret var litt skiftande, men det påverka ikkje den gode stemninga. Etter opprydding, var skulelokalet klart for elevane dagen derpå.