God jul frå Hamre Grendaskule!

På juleavslutninga var alle velkomne og det blei fullt hus! Elevane fekk vist fram eit skodespel med song og teater. Skodespelet var ei omdikta og moderne versjon om skomakaren til Leo Tolstoj. Kristoffer Foldøy stod for omskrivinga og hadde ein tankjevekkande introduksjon.

IMG_9884.JPG

Alle elevane var med i skodespelet! Veldig kjekt at så mange besøkande kom og var med på rungande allsong rundt juletreet.

Julenissen kom også og hadde med seg noko til store og små born. 

Etter trekking av lodd, vart kvelden slutta av med Deilig er jorden.
Tusen takk til FAU, pianist og alle som bidrog til ei flott avslutning før jul!

Første skuledag i det nye året er tysdag 2. januar.