Hamre Grendaskule opner for søknader

Då er vi endeleg klare til å ta imot søknader om plass på Hamre Grendaskule. For skuleåret 2015/16 vert det 30 skuleplassar disponible for 1. til 4. klassetrinn. Det vil også vera tilbod om skulefritidsordning (SFO) for dei same elevane.

I oppstartsåret vert søknadsfristen sett til 1. mars 2015. I påfølgjande år vil vi følgje fristane slik dei står i inntaksreglementet vårt.

Skulepengar betaler ein den 15. kvar månad, for komande skuleår frå august 2015 til og med juni 2016. Vi vil gje søskenrabatt frå og med barn nummer to dersom fleire søsken søkjer samstundes.

  • Skulepengar pr. elev: kr. 700 pr. månad
  • Skulepengar for søsken: kr. 450 pr. månad

Vi har lagt ut ein seksjon for ”Ofte spurte spørsmål” (OSS eller FAQ). Der vil du finna svar på ei rekkje spørsmål om vår privatskule. Dersom du ikkje skulle finna svar på spørsmål du måtte ha på heimesida, er det berre til å kontakta styret om dette.