Juleavslutting

Det var fullt hus og spenninga låg i lufta før framføring av elevane sitt julespel. Scena var klargjord med kortribune, ein stall og bål til gjetararane på marka. Med tonar og song frå både 300-talet og 1400-talet, var det ei stemning som satte ramma rundt gjetarar og vise menn. Julespelet var sett saman og regissert av Kristoffer Foldøy.

Etter skodespelet var det kaker, kaffi, saft og loddsal. Når det hadde gått ei stund, ringde skuleklokka og det var klart for juletregong. Nissen kom med sekken full av godteposar til alle barn. Mange store og små hadde tatt lodd og gevinstane fekk glade eigarar. Kvelden vart runda av med Deilig er jorden som fellessong.
Takk til FAU og alle frammøtte!