Ei reise gjennom filmhistoria på Hamre grendaskule

To flinke animatørar frå Den Kulturelle Skulesekken, vitja skulen og hadde eit flott opplegg. Elevane i 3.-7. trinn fekk lage eigne stumfilmar. Dei eldste elevane på Hjellvik Montessoriskule var også med. 

Fredag 21. oktober starta med at elevane i 3.-7.trinn fekk eit raskt innblikk i filmhistoria. Me fekk sjå filmklipp og gjekk gjennom dei viktigaste retningane og milepelane. Det var hovudvekt på animasjon, men også  nokre klipp frå realfilmar. Prinsippa bak all film er det same; nemleg bilete som er spelt av etter kvarandre. 
Til slutt blei me vist korleis ein i dag brukar animasjon i film til å skape spesialeffektar.

Så var det elevane sin tur til å lage film.Dei vart delt inn i  grupper, og alle fekk i oppgåve å lage ein liten stumfilm. Ved hjelp av forskjellige animasjonsteknikkar skulle kvar gruppe fortelje ei kort historie/sketsj.

Når gruppene var ferdige med sine filmklipp, vart klippa lagd inn i eit redigeringsprogram.  Det vart så lagd på stumfilmeffektar som svart/kvitt-bilete, tekstplakatar og stumfilmmusikk.

Dagen vart avslutta med filmvisning der alle fekk sjå sine filmar samla i ein liten kortfilm. 

Det har vore laga film på Hamre før også. Sjå animasjonsfilmen Brua står ferja går frå 1997: