Nullmobbing.no - ei nettside om mobbing for barn, unge og foreldre

Kva er nullmobbing.no?

Nullmobbing.no er ei nettside om mobbing for barn, unge og foreldre.

Det er Utdanningsdirektoratet som står bak nettsida.

 Vi har jobba etter desse retningslinjene:

  • vi skal skrive slik at ein 10-åring forstår, men noko innhald er spesifikt retta mot foreldre.
  • vi skal skape tryggleik og gi kunnskap som fører til handling.
  • vi skal formidle informasjonen på ein hjelpsam, empatisk og varm måte.

Vi har teke utgangspunkt i at det er målgruppene sine behov som skal styre kva for innhald vi skal ha på nettsida. Derfor har vi snakka med ei rad organisasjonar og verksemder som er i direkte kontakt med barn, unge og foreldre om mobbing. Vi har òg snakka med barn og vaksne som har stått i vanskelege mobbesituasjonar, eller som av andre årsaker har søkt etter informasjon om mobbing, læringsmiljø og rettar.

Eit av fleire tiltak

Nettsida er eit av mange verkemiddel som er viktige i kampen mot mobbing i barnehage og skole. Eit anna er den kompetansen dei tilsette har til å førebyggje, stoppe og følgje opp mobbing.

Les kva for andre tiltak regjeringa ønskjer å setje i gang.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller kommentarar til nullmobbing.no? Kontakt Utdanningsdirektoratet på e-post post@udir.no eller telefon 23 30 12 00.

Hamre grendaskule har plassert en banner på forsida til websida vår, slik at den skal være lett tilgjengeleg.