No kjører vi i gang..

Styret for skulen ønskjer med dette å informera elevar og føresette om framdrifta kring oppstart av den nye skulen vår. Vi har no 15 påmelde elevar på listene våre som var det vi måtte ha for å koma igang. Framleis er vi opne for fleire påmeldingar.

No arbeider vi med å få alle store og små ting på plass slik at alt skal vera klart til skulestart. Som tidlegare sagt føl skulen den kommunale skuleruta, og første skuledag etter sommarferien vert mandag 17. august.

Så ønskjer vi å arrangera ein førskuledag, ikkje berre for dei som skal ta til i første klasse, men for alle elevane slik at dei kan verta kjende med kvarandre, med bygget og personalet. Denne dagen legg vi til laurdag 23. mai slik at ein slepp å be born fri frå skulen dei går på, og for at føresette skal ha anledning å følgja.
Det vil koma eigen innkalling til førskuledagen når den nærmar seg. 

Vi vil også kartleggja behovet for SFO og planleggja drifta ut frå det.

Alt er ikkje på plass endå, og vi vil senda ut meir informasjon etterkvart. Det vil også koma oppdateringar på heimesida vår. Men ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.