Juleavslutning med foreldre, slekt, bygdafolk og andre

Skulen er kjempestolt av alle 29 elevane som var på scena måndag 19. desember. Nær 150 besøkande som i tillegg til skodespel, fekk med seg kaker, saft og kaffi, juletregong, julenisse og utlodding. Til slutt song alle: Deilig er jorden!

Tusen takk til alle som kom! Takk og til FAU som saman med andre, gjorde slik at det vart ein flott kveld. FAU fekk inn nær 6000 kroner.