Fiskeveke på Hamre grendaskule

Denne veka har handla om fisk. Besøk på havbruksanlegg, fisking i fjorden, fiskekaker og besøk på Akvariet i Bergen er berre noko av det me har fått oppleve. Skulen har nytta dei tradisjonelle timane på ein annan måte. Naturfagstimar, norsktimar og matematikktimar har likevel kome til sin rett, på ulike måtar i fisketemaet. Me har i tillegg fått sett mykje i praksis. Eigen buss med sjåfør, gjorde at me kom oss rundt slik me ville. Tusen takk til alle som bidrog til at dette blei ei  veke rik på opplevingar for elevane!