Ei spanande veke på Hamre Grendaskule

Sykkeltur, mat&helse, elektroundervisning og nye gitarar. Denne veka har vore rik på innhald, opplevingar og lærdom.

Tysdag sykla dei eldste elevane til Mjelstad. Der var det natursti, grilling og kos.

Mat&helse

På onsdag var det mat&helse. Det var flott å kunne ta i bruk det nye kjøkenet. Tusen takk til flinke foreldre og besteforeldre som har lagd ned mykje tid og arbeid.

På torsdag fekk me undervisning på vidaregåande nivå. Alle elevane på heile skulen fekk sage, koble og teste kvar si ringeklokke. Tusen takk til ein far på 5.-trinn.

Nye gitarar!

Dei nye gitarane vart godt tatt i mot. Ein kjempekjekk musikktime på slutten av fredagen.