iPad til alle elevane

Lese og skrive og rekne er bra, men å få gjere det på iPad, det gjer oss glad!
Motivasjon og læringslyst var på topp når elevar og lærarar fekk opplæring i bruk av iPad. Hamre Grendaskule tek krava om digitale ferdigheiter i Kunnskapsløftet på alvor.

Kvifor?
Sjå kva Utdanningsdirektoratet seier om digitale ferdigheiter:

"Digitale ferdigheter vil si å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser. Det innebærer å kunne bruke digitale ressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver. Digitale ferdigheter innebærer også å utvikle digital dømmekraft ved å tilegne seg kunnskap og gode strategier for nettbruk."

Kva med lesing i bøker,  skriving med blyant slik vi kjenner frå før?

iPadane skal vere eit supplement og ikkje erstatta alle arbeidsmåtar me veit virkar.


Hamre Grendaskule har fått ekstern rettleiing av Rikt som driv med skuleutvikling.