FN-dag, varm mat og vandring i Bibelen.

Ei heilt vanleg veke skjer det ganske mykje på skulen.

torsdagen var det markering av FN-dagen, som var dagen før. Me song En himmel full av stjerner og Vi tar hverandres hender. 1.&2.-klasse viste fram FN-symbolet og fortalde om barn sine rettar. Elevar frå 5. og 6. trinn fortalde også om FN. Sidan eit fokus til FN er reint vatn til alle, forsøkte me i lag med rektor, å reinse sølepyttvatn.

 

Onsdag og fredag fekk 5.6.7.-klassen ei vandring i Bibelen. Der var det mange som kunne mykje frå før.

 

6.trinn har mat og helse. Dei laga mat til heile skulen på onsdag.