Steinaldardag

Skulen er med i "Den kulturelle skulesekken" og difor fekk me  besøk av Morten Kutschera som viste og demonstrerte korleis ein lagar reiskapar av stein. Av aktivitetar nemner me bogeskyting med trebogar av steinaldertype og produksjon av reiskapar, våpen og fiskeutstyr i steinalderen. Elevane fekk prøve å hogge skarpe reiskapar av flint, slik dei gjorde det i steinalderen. Store og små fekk sjå og prøve ut korleis ein laga fiskekrokar og andre reiskapar av bein, samt lage sitt eige fiskesøkke av kleberstein. Elevane hadde lært litt om steinalderen på førehand. Det fine veret gjorde også sitt til at det var ei kjekk oppleving.