Kunst, natur, eksperimentering og straum!

På torsdag fekk skulen besøk av høgskulelærar og mor til to elevar på skulen. Ho viste barn og vaksne materiell og metodar for å lage flotte kunstverk. På fredag var det tid for elektriske eksperiment. Lærar på vidaregåande skule i Bergen og far til ein gut på skulen, demonstrerte og forklarte. Kva leiar straum? Noko av det mest spanande var å lage ein straumkrets ved å halde kvarandre i hendene og få ei lyspære til å lyse.