Ein flott haust!

Hamre Grendaskule ligg fint til med fantastisk natur rundt. I veka før haustferien var heile skulen på fjelltur. Turen gjekk opp Brattebakken, til Eikelandsvarden, mot Valestrand og til Kyrkjerind, forbi Storesteinen og ned til skulen att.

Siste dag før ferien hadde Trivselsleiarane laga til musikk, popcorn og saft. Det var også ein natursti på skuleområdet.