Det har vore ein flott skulestart i det som er år to for Hamre grendaskule!

Trass svært variert vér, var det feiande flott på felles fjelltur for alle på skulen. Turen gjekk til Eikelandsvarden. Når veret er dårleg, er sanden i sandkassa lett å byggje med. Ute har det og kome eit heilt nytt klatrestativ, laga som ei hinderløype med hengebruer, tau og stokkar. Det skal vere ei offisiell innviing av klatreparken, men alle kan klatre allereie no. Inne er det eit nytt SFO-rom, nytt kjøkken-inventar, nye garderobehyller og meir data-utstyr. Trass gode datamaskinar, lærar ein likevel å skrive historiar med blyant på papir.