Flott turdag i nærområdet

Heile skulen var på tur på torsdag. Store og små leika, spiste og gjorde oppgåver ute. Herleg å kunne nytte nærområdet til skulen. 

Det er jo blitt september og haustfargane har kome fram. (Klikk på pilene for å sjå fleire bilete)

Ein av aktivitetane var "Kims Leik". Her imponerte dei yngste elevane stort. Her kan du også prøve. Hugsar du alle tinga på det teppet?  Elevane fekk 1 minutt å tenkje på.