Temadag om Samane

Tysdag 6. februar var flagget heist i samband med Samefolket sin dag. Onsdag hadde heile skulen samane som tema. 6. trinn hadde laga bidos og gakko. Det var svært godt og mange forsynte seg fleire gonger. Natursti, kasting på horn og film inni lavvo, var noko av det spanande som skjedde denne dagen.