Aktiviteter

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!







Leirskule for 5.6.7.-klassen

Samhald, felles opplevingar og mykje fysisk aktivitet. Hamre Grendaskule ville gje dei eldste elevane ei god erfaring i starten av det nye skuleåret. Elevane var kjempeflinke og tok nye utfordringar med godt humør!

Hardangertun Leirskule og to lærarar frå Hamre Grendaskule, gjorde at det blei ei flott veke.

På tysdagen gjekk eg 18km. Eg er fornøyd med meg sjølv. Det var gøy å bade i bassenget. Det gjekk fint å gå på tur. Det var gøyare å gå ned. Vi snakka mens vi gjekk ned. Vi hadde den ryddigste hytta og fekk medalje av leirskulen. Eg er glad eg turde å ta zip-line. Det var gøy å vere på discotek.

Eg syns nesten alt var gøy, men viss eg skule gjere noko om igjen, ville eg valgt pil og bue fordi det syns eg var gøyest og eg var god i det. Eg vant medalje i bueskyting med laget mitt. Når Hamre vant, blei alle saman heilt galne.

Nesten heile klassen bada etter maten. Alle var flinke til å svømme. Det var godt å ta seg et bad. Eg tok og såg under vatn utan dykkebriller. Eg prøvde å ta salto under vatnet, men eg klarte ikkje det. Eg syns det var gøy på leiskule. Eg likar å bade.

Eg leika på leikeplassen kvar dag. Me fekk ekstra poeng fordi E fann ein mosetuss. Me kanopadla og klatra og tok zip-line og gjekk ein veldig lang tur. Me fekk gotteri av Julie og budde i ei hytte åleine og me måtte hente mat. Me måtte lage frukost sjølv og lunsj og kvelds, men me fekk middag. Me måtte tørke alle klærne sjølv og handklea. Eg likte ikkje middagen i det heile tatt. Dei nabogutane banka på døra mitt på natta. Me ringde til læraren og sa det.

 


Betalte for reise og heile leirskuleopphaldet

Betalte for reise og heile leirskuleopphaldet

God sommar frå Hamre Grendaskule!

Takk for ein flott kveld. No er nok eit skuleår er omme. 20. juni var det elevframføringar og aktivitetar inne på skulen. Besøkande, store og små var med.

 

1. og 2.-trinn starta showet, med ein medley sett saman av songar som starta med alle dei ulike bokstavane i alfabetet.

Ein av aktivitetane var å byggje høgast mogleg med teip og papir. 

På ein annan aktivitet var det quiz, der ein fekk ein vannsprut på seg, om ein svara feil.

"Tante Floke", med store og små, var kjempegøy.

Siste song før avslutninga var "Vi står sammen" . Der dansa og sang elevane i takt! Alle elevane fekk såpebobler før det vart grilling i det fine véret!


GOD SOMMAR FRÅ ALLE PÅ HAMRE GRENDASKULE!

"Alfabetsangen" Arrangert og sett saman av Svein Fjermestad.
Tekst og melodi på "Vi står sammen" Margrethe Inderhaug Hjelle og Elin Selberg Sigurdson.

God jul frå Hamre Grendaskule!

På juleavslutninga var alle velkomne og det blei fullt hus! Elevane fekk vist fram eit skodespel med song og teater. Skodespelet var ei omdikta og moderne versjon om skomakaren til Leo Tolstoj. Kristoffer Foldøy stod for omskrivinga og hadde ein tankjevekkande introduksjon.

IMG_9884.JPG

Alle elevane var med i skodespelet! Veldig kjekt at så mange besøkande kom og var med på rungande allsong rundt juletreet.

Julenissen kom også og hadde med seg noko til store og små born. 

Etter trekking av lodd, vart kvelden slutta av med Deilig er jorden.
Tusen takk til FAU, pianist og alle som bidrog til ei flott avslutning før jul!

Første skuledag i det nye året er tysdag 2. januar.

 

 

 

Siste veka før advent

Det skjer alltid mykje rart på skulen.. dei eldste elevane skulle skrive forteljing, og blei møtt med ein kriminalåstad i klasserommet. Kva hadde skjedd? 

IMG_9710.JPG

Det er kjekt å kunne få turne litt. Nytt springbrett vart testa ut med stor iver.


1. desember var heile skulen samla og fekk høyre om skomakaren Papa Panov skrive av Leo Tolstoj. Kristoffer trollbandt alle og me fekk ein flott start på advent!