Informasjon

Nytt telefonnummer

Nå kan du ringe
Hamre Grendaskule på
56 19 11 63

Hamre Grendaskule har fått seg nytt telefonnummer, 56 19 11 63. Dette er det gamle telefonnummeret til skulen, så det kan hende at nokre foreldre kan dette fra før.

Dette gjer oss meir tilgjengelege for foreldre og andre som ønsker kontakt med oss. Når ein ringer dette nummeret så vil ein få to val, tast 1 for kontor og tast 2 for SFO. Er den avdelinga du ringer oppteken, så har tenesta eit køsystem som forteller kor mange det er føre deg i køen.

Dersom du har spørsmål ang. skulestart eller anna, så er det bare å ta kontakt, anten via telefon eller epost.

Dugnad 8. august 2015 kl. 13:00

Hamre Grendaråd kaller inn til dugnad på skolebygget på Hamre

Skolebygget og skoleplassen trenger en dugnadsinnsats før det er klart til å ta imot elever til høsten. Det er arbeid som må gjøres både inne og ute. 

Grendarådet stiller med varm mat til dugnadsgjengen. Både store og små er velkommen, og vi håper på greit oppmøte til tross for at dette er i fellesferien.

VASKEDUGNAD INNE

Dette må gjøres: Klasserommene må ha full nedvask, og gulvene trenger en bonerunde. Hamre Grendaråd står for vaskemiddel og bonemiddel. Vi håper at de som vil være med, kan ta med seg vaskebøtte, mopper og kluter.

UTEDUGNAD

Dette må gjøres: Takrenner må renses, kledning og vindu må vaskes. Litt småskog og gress må klippes. Hamre Grendaråd stiller med lift til arbeid i høyden. Ta gjerne med annet utstyr som gressklipper, kantklipper, motorsag o.l.

Vi håper så mange som mulig kan stille opp, slik at vi kan gjøre skolen vår klar til skolestart 17. august. 

Meld deg på dugnaden på Grendarådets facebookside

 

No kjører vi i gang..

Styret for skulen ønskjer med dette å informera elevar og føresette om framdrifta kring oppstart av den nye skulen vår. Vi har no 15 påmelde elevar på listene våre som var det vi måtte ha for å koma igang. Framleis er vi opne for fleire påmeldingar.

No arbeider vi med å få alle store og små ting på plass slik at alt skal vera klart til skulestart. Som tidlegare sagt føl skulen den kommunale skuleruta, og første skuledag etter sommarferien vert mandag 17. august.

Så ønskjer vi å arrangera ein førskuledag, ikkje berre for dei som skal ta til i første klasse, men for alle elevane slik at dei kan verta kjende med kvarandre, med bygget og personalet. Denne dagen legg vi til laurdag 23. mai slik at ein slepp å be born fri frå skulen dei går på, og for at føresette skal ha anledning å følgja.
Det vil koma eigen innkalling til førskuledagen når den nærmar seg. 

Vi vil også kartleggja behovet for SFO og planleggja drifta ut frå det.

Alt er ikkje på plass endå, og vi vil senda ut meir informasjon etterkvart. Det vil også koma oppdateringar på heimesida vår. Men ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.