juleavslutning

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!







God jul frå Hamre Grendaskule!

På juleavslutninga var alle velkomne og det blei fullt hus! Elevane fekk vist fram eit skodespel med song og teater. Skodespelet var ei omdikta og moderne versjon om skomakaren til Leo Tolstoj. Kristoffer Foldøy stod for omskrivinga og hadde ein tankjevekkande introduksjon.

IMG_9884.JPG

Alle elevane var med i skodespelet! Veldig kjekt at så mange besøkande kom og var med på rungande allsong rundt juletreet.

Julenissen kom også og hadde med seg noko til store og små born. 

Etter trekking av lodd, vart kvelden slutta av med Deilig er jorden.
Tusen takk til FAU, pianist og alle som bidrog til ei flott avslutning før jul!

Første skuledag i det nye året er tysdag 2. januar.