skodespel

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!







God jul frå Hamre Grendaskule!

På juleavslutninga var alle velkomne og det blei fullt hus! Elevane fekk vist fram eit skodespel med song og teater. Skodespelet var ei omdikta og moderne versjon om skomakaren til Leo Tolstoj. Kristoffer Foldøy stod for omskrivinga og hadde ein tankjevekkande introduksjon.

IMG_9884.JPG

Alle elevane var med i skodespelet! Veldig kjekt at så mange besøkande kom og var med på rungande allsong rundt juletreet.

Julenissen kom også og hadde med seg noko til store og små born. 

Etter trekking av lodd, vart kvelden slutta av med Deilig er jorden.
Tusen takk til FAU, pianist og alle som bidrog til ei flott avslutning før jul!

Første skuledag i det nye året er tysdag 2. januar.

 

 

 

God sommar frå Hamre Grendaskule!

Ein fantastisk kveld! Onsdag 21. juni var det elevframføring av skodespelet som handla om Martin Luther. Elevane som skulle over til ungdomsskulen, fekk ekstra merksemd med blomar og applaus. Det vanka også diskokuler til alle elevane og dei dansa heftig i takt med Kool & The gang sin Celebration.  Etterpå var det grilling i solskinet! 

Skoleavslutning 138 - Jun 21 2017.jpg

I år er det 500 år sidan reformasjonen tok til. Då skreiv den tyske munken Martin Luther sitt protestbrev mot den kyrkjelege avlatshandelen. Reaksjonane som fulgte har fått fylgjer for kyrkje-, skule- og samfunnsliv. Det var dette skodespelet skrive av Kristoffer Foldøy, handla om.

Lukke til videre!

Lukke til videre!

Skulen sine to 7. klassingar fekk kvar sin blom og stor applaus. Dei starta begge i 1. klasse på Hamre skule, og fekk dei siste åra av barneskulen, på Hamre Grendaskule. Skulen er svært stolte av dei og ønsker dei lukke til vidare!

FAU ved skulen stod for siste delen av kvelden, og hadde ordna med strålande solskin.  Grillar var sett opp på skuleplassen i tillegg var det saft, kaffi og is. Den flotte naturen på Hamre var ei flott ramme rundt det heile