skule

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!







Informasjonsmøte om Hamre Grendaskule

 

Stiftinga Hamre Grendaskule saman med Hamre Grendaråd inviterer til eit informasjonsmøte om planane for drifta av den private skulen på Hamre. Møtet vert i skulebygget på Hamre mandag 23. mars klokka 19.00

Tema på møtet:

  • Kven driftar skulen? Info om stiftinga og samanhangen mellom den og grendarådet.
  • Kvifor bør ein velja Hamre Grendaskule? Pedagogisk profil og innhald.
  • Kva oppfølgjing får elevane? Klassar, lærarkrefter og pedagogiske ressursar.
  • Skuletider, SFO, korrespondanse? Info om praktiske ting knytta til skulen.

Alle som er interesserte i eit skulealternativ der tett oppfølgjing av elevane og praktisk-estetiske fag får ein brei plass er hjarteleg velkomne!

Hamre Grendaskule opner for søknader

Då er vi endeleg klare til å ta imot søknader om plass på Hamre Grendaskule. For skuleåret 2015/16 vert det 30 skuleplassar disponible for 1. til 4. klassetrinn. Det vil også vera tilbod om skulefritidsordning (SFO) for dei same elevane.

I oppstartsåret vert søknadsfristen sett til 1. mars 2015. I påfølgjande år vil vi følgje fristane slik dei står i inntaksreglementet vårt.

Skulepengar betaler ein den 15. kvar månad, for komande skuleår frå august 2015 til og med juni 2016. Vi vil gje søskenrabatt frå og med barn nummer to dersom fleire søsken søkjer samstundes.

  • Skulepengar pr. elev: kr. 700 pr. månad
  • Skulepengar for søsken: kr. 450 pr. månad

Vi har lagt ut ein seksjon for ”Ofte spurte spørsmål” (OSS eller FAQ). Der vil du finna svar på ei rekkje spørsmål om vår privatskule. Dersom du ikkje skulle finna svar på spørsmål du måtte ha på heimesida, er det berre til å kontakta styret om dette.