skuleavslutning

Fullt hus og flott juleavslutning

Hamre Grendaskule var fyld til randen av tilreisande, foreldre og søsken. Heile bygda var invitert.

24 December 2018 at 02:40 54.jpg

Det var eit skodespel med song, kulissar, forteljarar og flotte kostymer. Alle 49 elevane hadde øvd og kunne rolla si godt.
Skodespelet var juleevangeliet, der esel, keisar, gjetarar og tre vise menn var med, før Josef og Maria til slutt kom fram til stallen i Betlehem. I tillegg var det stalleigar, herbergseiagarar og eit flott englekor.

Etterpå var det kaffi, saft og kaker før ein song julesongar og gjekk rundt juletreet. Etter å ha sunge fleire tradisjonelle songar så høgt at ein knapt høyrde pianoet, kom julenissen.

Heilt til slutt song alle Deilig er jorden, før me ønska kvarandre god jul og vel heim!







God sommar frå Hamre Grendaskule!

Takk for ein flott kveld. No er nok eit skuleår er omme. 20. juni var det elevframføringar og aktivitetar inne på skulen. Besøkande, store og små var med.

 

1. og 2.-trinn starta showet, med ein medley sett saman av songar som starta med alle dei ulike bokstavane i alfabetet.

Ein av aktivitetane var å byggje høgast mogleg med teip og papir. 

På ein annan aktivitet var det quiz, der ein fekk ein vannsprut på seg, om ein svara feil.

"Tante Floke", med store og små, var kjempegøy.

Siste song før avslutninga var "Vi står sammen" . Der dansa og sang elevane i takt! Alle elevane fekk såpebobler før det vart grilling i det fine véret!


GOD SOMMAR FRÅ ALLE PÅ HAMRE GRENDASKULE!

"Alfabetsangen" Arrangert og sett saman av Svein Fjermestad.
Tekst og melodi på "Vi står sammen" Margrethe Inderhaug Hjelle og Elin Selberg Sigurdson.