Inntaksreglement for Hamre Grendaskule 

§ 1 Inntak

Inntak av elevar ved Hamre Grendaskule skal skje etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i privatskulelova og det inntaksreglementet som er fastsett av stiftinga.

§ 2 Elevinntak

Skulen skal vera open for alle som fyller vilkåra for inntak til offentleg grunnskule. Skulestyret avgjer kor mange elevar som skal takast inn ved byrjinga av skuleåret.

Dersom skulen har fleire søkjarar enn elevplassar, skal elevinntaket skje med utgangspunkt i fylgjande kriterier:

  1. Born som har søsken på skulen, vert prioritert.
  2. Born som bur innafor grensene til Hamre skulekrins vert prioriterte 
  3. Born som har foreldre som er tilsett ved skulen, vert prioritert.

§ 3 Kunngjering av inntak av elevar

Kvart år i januar skal inntaket kunngjerast i lokalaviser, eventuelt dagspresse, for å sikra at informasjon om inntak for neste skuleår kjem ut. Kunngjeringa skal innehalda naudsynte opplysningar om søknadsfristar og ei kort utgreiing om inntakskriteria. 

Søknadsfristen skal vera 1. februar eller dersom dette er ein heilagdag, første kvardag etter.

§ 4 Inntaksnemnd

Stiftinga kan velja ei inntaksnemnd som skal førebu og gjera innstilling til inntak etter § 2, 5 og 6 i dette reglementet. Rektor gjer så endeleg vedtak om inntak.

§ 5 Handsaming og kunngjering av inntak

Rektor melder frå om vedtaket til dei det gjeld. Melding om inntak skal skje innan 6 veker etter at søknadsfristen er gått ut. Søkjarar som ikkje har fått plass, blir snarast tilskrivne med informasjon om at det kan krevjast grunngjeving for vedtaket, at det kan påklagast og frist for dette. Forvaltningslova kapittel 5 og 6 gjeld i sakshandsaminga og Fylkesmannen i Hordaland er klageinnstans.

§ 6 Prioritert venteliste

Som ledd i inntakshandsaminga skal nemnda utarbeida ei prioritert venteliste som skal leggjast til grunn dersom ein eller fleire som har fått plass, likevel ikkje tek imot plassen. Dersom det i løpet av året vert ledig plass i høve til det totale elevtalet stiftinga har vedteke, skal den prioriterte ventelista leggjast til grunn for nye inntak.

§ 7 Endring av inntaksreglement

Dette inntaksreglementet kan til ei kvar tid endrast av stiftinga innafor rammene av gjeldande reglar i privatskulelova og vedtektene til skulen.

 

Hamre 27. januar 2016
Revidert 13.10.2013 (§ 2-1 og 2-2), 17.12.2014 (§ 2-3), 27.01.2016 (§3).