Ta vare på kvar elev, sjå kven han er og etter beste evne gje god undervisning

HAMRE GRENDASKULE TRENG LÆRARAR I ÅRSVIKARIAT FRÅ HAUSTEN 2019

Hamre Grendaskule ligg på Hamre i Osterøy kommune, med utsikt mot Hordvik, Nordhordlandsbrua, Knarvik og Leknes.  

Hamre grendaskule ønskjer å tilsetje to lærarar frå og med august 2019, begge i 100% stilling. Gode moglegheiter for vidare tilsetting etter endt vikariat, sidan skulen er i vekst.


Om stillingane
Hamre Grendaskule søkjer lærarar i 100% stilling. Den som vert tilsett, skal arbeide som kontaktlærar i ei elevgruppe med 10-15 elevar, men får også timar i mindre grupper.


Arbeidsoppgåver/arbeidsområde

Den eine personen vi søkjer skal vere kontaktlærar for elevar i ei klasse samansett av 6.7. trinn. 

Den andre personen vi søkjer skal vere kontaktlærar for elevar i ei klasse samansett 3.4.-trinn.  

Det vil vere eit tett samarbeid med det andre pedagogiske personalet i samband med tilrettelegging og differensiering, samt nært samarbeid og kommunikasjon med føresette.

Dei primære arbeidsoppgåvene er å yte grunnleggjande omsorg og opplæring av høg kvalitet, samt hjelpe alle elevane våre med kommunikasjon, trening og utvikling i skulekvardagen. 

Vi ønskjer å jobbe aktivt med å skape eit arbeidsmiljø med gode relasjonar og menneske som tek ansvar.


Nødvendig kompetanse

Vi søkjer etter ein fleksibel person med gode samarbeids- og relasjonsevner. Søkjaren må ha evne til å ta initiativ, vere miljøskapande, arbeide sjølvstendig og ha forståing for elevane sine behov.

        Godkjend lærarutdanning.

        Personlige eigenskapar vert vektlagt sterkt.

        Søkjaren må levere politiattest ved tilsetjing.

Nødvendige personlege eigenskapar:

       -gode samarbeids- og relasjonsevner

        -meistre eit høgt arbeidstempo

        -glad i å være utandørs

        -kunne arbeide etter skulen sine mål og visjonar

Informasjon om stillingane

Politiattest nyare enn 3 månader må visast ved tilsetjing.

Hamre Grendaskule har tariffavtale og er medlem av Statens Pensjonskasse.

Søknadsfrist 15. april.

Send søknad til post@hamregrendaskule.no

 

 Kontakt rektor Ole Jan Aarvik for ytterlegare informasjon om stillingane. 

“Eit godt og kreativt læringsmiljø med tilhald i eit kulturhistorisk nærområde, forankra i vår kristen-humanistiske arv."

Ole Jan Aarvik
Rektor Hamre grendaskule
ole.jan@hamregrendaskule.no
www.hamregrendaskule.no
tlf 56191163



Vil du vere vikar?

Send inn kontaktinformasjon (namn og telefon), dersom du kan tenkje deg å vere vikar i skule eller SFO.

- Eit godt og kreativt læringsmiljø med tilhald i eit kulturhistorisk nærområde, forankra i vår kristen-humanistiske arv.
Hamre grendaskule ligg i Osterøy kommune med utsikt mot Hordvik, Nordhordlandsbrua, Knarvik og Leknes.  

 

Generell søknad kan sendast til
Ole Jan Aarvik

Rektor Hamre grendaskule

 

Tlf. 56191163
E-post: ole.jan@hamregrendaskule.no

"Ta vare på kvar elev, sjå kven han er og etter beste evne gje god undervisning"

“Ta vare på kvar elev, sjå kven han er og etter beste evne gje god undervisning”