Vel møtt til eit nytt skuleår!

Første skuledag er torsdag 17. august. Då samlast me ute på skuleplassen og startar kl 09.00.

Dei yngste elevane (1.-4.trinn), er ferdige kl 14.00. Dei eldste er ferdige kl 14.30.

Felles skulelunsj på kjøkenet kl 11.00. Ein treng ikkje niste.

SFO er open frå kl 07.30 og etter skulen til kl 16.30. Mat på sfo er frivillig og då må ein ha med denne sjølv.

På skulen nyttar me innesko/tøfler for å halde føtene tørre og for å ha eit godt inneklima. Det kan vere lurt å ha desse med allereie første dagen.

Me gler oss!
Venleg helsing alle på Hamre Grendaskule

Klikk her for SFO-påmelding

Nybona golv på heile skulen!

Skjermbilde 2017-08-02 kl. 11.38.35.png

For at det skal vere eit godt inneklima for alle, oppmodar me til å bruke parfymefrie reinhaldsprodukt.

Les meir her https://www.naaf.no/sok/?q=parfyme

Ta vare på kvar elev, sjå kven han er og etter beste evne gje god undervisning
— Hamre Gendaskule