ORDENSREGLEMENT HAMRE GRENDASKULE

TRIVSEL – TRYGGLEIK – LÆRING – RESPEKT

Ordensreglementet skal ivareta rettar og plikter til den einskilde elev. Reglementet skal bidra til å skape trygge rammer i læringsmiljøet og inngår som et viktig element i utviklinga av sosiale ferdigheiter og bygging av positive relasjonar mellom elevane og mellom elevane og dei tilsette. Elevar og tilsette har ein gjensidig plikt til å behandle kvarandre med respekt og omtanke.

Ordensreglementet er ei forskrift, jf. Opplæringslova § 2-9 og 3-5 og Forvaltningslova § 2.

Berørte partar skal få anledning til å uttale seg før denne forskrifta vert vedteken, endra eller vert oppheva, jf. Forvaltningslova §37. Styret i stiftinga Hamre Grendaskule vedtek ordensreglementet til Hamre Grendaskule.

Når gjeld reglementet

Reglementet gjeld i skuletida, dvs. i timar, friminutt og alle aktivitetar i skulen sin regi, herunder skuleturar. Forhold som skjer i skulen sitt digitale rom vert også omfatta av reglementet (internett, SMS eller liknande). På skulevegen gjeld også reglementet.

Når det gjeld forhold som vert knytta opp mot mobbing eller andre krenkingar, vil grensene mellom skule og fritid kunna verta noko utviska. Skulen vil presisere at forhold som gir grunn til å setje preg på skulesituasjonen, også vil verta omfatta av ordensreglementet.

Grunnlag for vurdering i orden og oppførsel

Grunnlaget for vurdering i orden og oppførsel er knytta til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skulen.

Vurdering av orden går på førebuing, arbeidsvanar og arbeidsinnsats.
Vurdering av oppførsel går på all oppførsel på skulen, både mot elevar, lærarar og andre tilsette.

Sist redigert 26. april 2022, vedtatt i styremøte 10. mai 2022 Side 1 av 4

1.

2.

Elevane skal ha god orden (ordensreglar). Med god orden meiner me å:

  1. 1.1.  møte presis på skulen og til undervisninga

  2. 1.2.  ha skulesakar i orden

  3. 1.3.  ha med naudsynte læremiddel og utstyr

  4. 1.4.  gjere arbeid ein vert pålagd så godt ein kan og til rett tid – både på skulen/i timane

    og heime

Elevane skal ha god oppførsel (reglar for åtferd). Med god oppførsel meiner me å:

  1. 2.1.  vere hyggjelege og høflege mot kvarandre

  2. 2.2.  høyre etter og respektere når vaksne snakker til dykk

  3. 2.3.  være roleg i timane

  4. 2.4.  ikkje banne eller bruke anna grovt språk

  5. 2.5.  ikkje mobbe eller på andre måtar krenke andre fysisk, verbalt eller digitalt (reglane

    i Opplæringslova §9A må verta følgt)

  6. 2.6.  ikkje være voldeleg eller komma med trugsmål

  7. 2.7.  vise respekt for skulen sine, og andre sine, eigendelar

  8. 2.8.  ikkje ha med farlege gjenstandar på skulen sitt område

  9. 2.9.  ikkje jukse eller prøve å jukse på prøvar og innleveringar

  10. 2.10.  vere på skulen og delta i undervisninga heile skuledagen

Konsekvensar ved brudd på ordensreglementet:

  1. 3.1.  Kontakt med heimen og involvering av føresette

  2. 3.2.  Muntleg/skriftleg advarsel frå lærar

  3. 3.3.  Midlertidige einskildvedtak

  4. 3.4.  Inndraging av gjenstandar

  5. 3.5.  Bortvisning frå klasse/gruppe for resten av timen/arbeidsøkta/friminuttet. Lærar kan ta denne avgjerda inntil 2 timar. (NB: Vilkår for bortvisning i Opplæringslova §9A-11 må då være oppfylt)

  6. 3.6.  Bortvisning frå skulen for resten av skuledagen etter rektor si avgjerd

  7. 3.7.  Pålegg om oppgåver for å rette opp skade de har påført skulen sin eigedom eller

    eigendelar

  8. 3.8.  Tilstedeværelse på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar med

    lærar/rektor og/eller utføring av pålagde oppgåver

  9. 3.9.  Midlertidig eller permanent klassebytte/skulebytte

  10. 3.10.  Anmeldelse av ulovlege forhold (jmf. norsk lov)

NB! Sanksjonar om bortvisning gjeld ikkje for SFO då ein ikkje har noko hjemmel for dette i SFO- og leksehjelptida.

3.

Sist redigert 26. april 2022, vedtatt i styremøte 10. mai 2022 Side 2 av 4

Skulen vil presisere nokre forhold i reglementet:

A) Fråvær og forseintkomming:

Elevane har plikt til å møte til timane til rett tid ved skulestart og etter friminutta, og til å delta i undervisninga i den form ho vert gitt. Føresette skal involverast dersom elevar stikk av frå skuleområdet. Det går ut over elevane si læring og verkar forstyrrande for klassen sin totale læringssituasjon.

B) Mobbing, krenking og anna valdeleg åtferd:

Mobbing er fysiske og/eller psykiske angrep som over tid er retta mot ein eller fleire elevar og/eller tilsette. Mobbing kan skje på mange ulike måtar, inkludert digitalt. Skulen har nulltoleranse for mobbing, krenking av ulike slag (psykisk, fysisk) og valdeleg åtferd. Føresette skal omgåande verta involvert, og skulen vil vurdere konsekvens ut frå kor alvorleg den einskilde situasjon er. Elevar som trugar med vald eller utøver vald, kan visast bort frå undervisninga/skulen. Lengden på bortvisningstida vil avhenge av eleven sin alder (jfr. Opplæringslova § 2.10), samt av alvoret i situasjonen.

Ver merksam på aktivitetsplikt og skjerpa aktivitetsplikt, §9A. Skulen skal utarbeide aktivitetsplan når tiltak vert sett inn.

Dersom det er snakk om utvisning som straffereaksjon på einskildhendingar må det fattast eit einskildvedtak etter Opplæringslova § 2-10. Utvisning er skulen sin mest inngripande reaksjon, og inneber at eleven sin rett til opplæring vert sett til side, sjølv om det er for ein avgrensa periode. Før det vert fatta eit slikt vedtak skal andre og mildare tiltak alltid vurderast.

Me syner til skulen sin handlingsplan: «Handlingsplan for eit trygt og godt skulemiljø». Ved mobbing, krenking og anna valdeleg åtferd skal ein bruke denne planen.

C) Bruk av mobiltelefon og andre elektroniske hjelpemiddel:

Mobiltelefon eller tilsvarande kommunikasjonsutstyr skal være lydlaus (skulemodus) og ikkje i bruk i skuletida, med mindre noko anna er avtalt i økta. Skuletida varar frå kl. 08.30 -14.00 (kl. 13.30 for 1.-4. trinn).

Digitalt utstyr takast med på eige ansvar. Skulen har ikkje erstatningsansvar. Skulen har imidlertid ansvar for inndratt utstyr/telefonar.

D) Hærverk på skulen sine bygningar og eigendelar tilhøyrande skulen eller andre elevar:

Elevar som utøver hærverk kan verta pålagd å rydde opp etter seg/utbetre skadar som er gjort, når oppryddinga består i arbeid som eleven har forutsetning for å klare, og arbeidet står i rimeleg forhold til overtredelsen. Ved hærverk på skulen sine bygningar og/eller eigendelar, samt eigendelar til tilsette og medelevar, kan eleven i tillegg til å bli ilagt konsekvensar etter reglementet, også verte erstatningsansvarleg (Skadeerstatningslova § 1-1).

Føresette er erstatningsansvarlege etter Skadeerstatningslova § 1-2 for inntil kr. 5.000.

Sist redigert 26. april 2022, vedtatt i styremøte 10. mai 2022 Side 3 av 4

Kunngjering:

Desse reglane vert gjort kjende for alle ved skulen og for heimane, elevane og tilsette kvart år ved skulestart. Dei finst òg på skulen si heimeside www.hamregrendaskule.no.

Me syner også til trivselsreglar som finst i alle klasseromma. Desse skal fremje positiv åtferd og bidra til å skape gode relasjonar og fellesskapstiltak i klassane.

Ved Hamre Grendaskule arbeider me aktivt med å fremje trivsel, tryggleik, læring og respekt. Ved bruk av programmet «Det er mitt valg» og TL, så er fokuset å arbeide førebyggjande, og å heile tida fokusere på at gode val kan lærast.

Reglementet vert handheva primært av kontaktlærarar/faglærarar/assistentar. Ved alvorlege brot vert rektor og eventuelt styret kontakta omgåande.

Eleven skal alltid ha rett til å uttale seg før reaksjon/straff kan verte iverksett (jfr. Opplæringslova).

Sist redigert 26. april 2022, vedtatt i styremøte 10. mai 2022 Side 4 av 4