Rett til eit godt skulemiljø

Skulen skal sørge for at elevane har det trygt og godt på skulen.
Alle som arbeider på skulen skal følge med på at elevane har det bra.
Skulen er med i Trivselsleiarprogrammet TL.
Skulen er også med i MITT VALG, som systematisk og over tid, styrker barns sosiale og emosjonelle kompetanse.

Godt skulemiljø

Skulane må også informere om elevane sin rett til eit godt skulemiljø. 

Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, så sant det er mogleg

  • sei ifrå til rektor

  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Rektor skal informere eleven og forelder om kva som blir gjort, og du og barnet ditt har rett til å bli høyrde. Dette kallast for skulen si aktivitetsplikt. Skulen skal ta omsyn til barnet sitt beste i alle vurderingar.

Dersom elevar eller føresette meiner retten til godt skulemiljø ikkje vert oppfylt gjennom dei tiltaka skulen vedtek, kan dei melde frå til Statsforvaltaren.

Kva om ein elev blir krenka av ein tilsett på skulen?

Alle som arbeider på skulen har ansvar for at krenkelsar som mobbing, ikkje skal skje. Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenka av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal då varsle skuleeigar, som vil følgje opp saka vidare. Dersom det er rektor eller andre i leiinga på skulen som står for krenkinga, kan ein kontakte styret direkte. Om ein nytter skjemaknappen under, går meldinga rett til styret/skuleeigar.

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/informasjon-til-foreldre/